1980-åra

Familieselskapet Ulsmo blir etablert

1985

15. juli 1985 bestemte ekteparet Marit og Idar seg for å skipe eit familieselskap saman med dei fem borna sine. Selskapet fekk namnet Ulsmo etter første stavinga i familienamna til foreldra (Ulstein og Mogstad). Det vart skote inn aksjar frå ulike underselskap av konsernet til ein samla verdi av knappe 6 millionar kroner. På dette tidspunktet var barneflokken i alderen 8 – 20 år, og det var ikkje snakk om at selskapet skulle spele noka aktiv rolle dei første åra. Snarare var det vel ein måte å gjere borna medvitne om den arven dei hadde, og motivere dei til å velje ei utdanning som ville gjere dei i stand til å forvalte verdiane på ein tilfredsstillande måte. Kanskje tenkte Idar også at borna skulle få trening i å sitje i møte og fatte kloke vedtak, og attpå alt sjå at selskapet jamt og trutt skulle gå med gode overskott. I åra som følgde, investerte Ulsmo i husvære i Trondheim, Oslo og Bergen, i byane der borna i hovudsak skulle ta utdanninga si. Seinare vart nokre av desse husværa selde, men utover dette var kjøp og sal berre av symbolsk karakter. Annleis skulle det bli i 1999. Konsernet vart selt, men familien sikra seg majoriteten i skipsbyggingsdivisjonen, og Ulsmo vart eigarselskapet for det nye konsernet som skulle byggjast opp. (Meir om det seinare.)

Ulstein gjer sitt største oppkjøp nokon gong

1988

I rekkja av bedrifter Idar kom til å kjøpe, var Bergens Mekaniske Verksteder A/S utan samanlikning den største. Ja, Bergens-konsernet var om lag like stort som heile Ulstein då Idar i 1985 sikra seg aksjemajoriteten. Tre år seinare tok han over konsernet med eit dusin underselskap, inklusive eit skipsbyggjeri, ein motorfabrikk og eit jernstøyperi. Etter oppkjøpet var talet på tilsette litt over 2000, og omsetnaden passerte 1, 4 milliardar. 70 år etter at Martin hadde starta med tre mann i den vesle verkstaden sin, hadde Idar utvikla verksemda til å vere den største i norske skipsindustri og ei av dei store på verdsbasis.