2000-åra

Store nedskjeringar

2000/2003

Det var fire maritime selskap Ulstein kjøpte tilbake – Ulstein Verft (det reine skipsbyggjeriet), Ulstein Elektro (elektroinstallasjonar under skipsbygginga), Ulstein Flextransport (transport og tunge løft i kombinasjonen lekter/mobilkran) og Castor (overflatebehandling – reinsing og grunning av stål). Heile skipsbyggingsdivisjonen vart kjøpt tilbake for 184 millionar kroner, og han vart skild ut i selskapet Ulstein Mekaniske Verksted Holding.

Men starten for dei to unge som skulle ta over, vart tung, meir enn tung. Då dei begynte, var det ikkje lett å skaffe nye kontraktar. Viktigaste grunnen var at Stortinget vedtok å fjerne subsidiane til den maritime næringa. Vedtaket vart sett ut i livet i 2000, med ein frist på tre år til å levere subsidierte skip. Det førte til ein byggjeboom den siste tida før subsidiane vart borte, med ein tilsvarande stillstand i bakkant. Det var i det vakuumet Gunvor og Tore hamna, då dei begynte på arbeidet med å føre familiebedrifta vidare. Dessutan hadde Ulstein fått eit ekstra handikapp som konkurrentane slapp å tenkje på. I samband med salet hadde Vikers plc. fått gjennomslag for at Ulstein i fem år framover ikkje skulle få designe andre skip enn dei verftet sjølv bygde. Då Gunvor og Tore tok over, hadde ikkje Ulstein inngått ein kontrakt på eitt år, og så langt dei kunne sjå, var det heller ikkje håp om nye byggjeoppdrag.

Som følgje av gode tider på slutten av 1990-talet (1996-1998) hadde verftet teke inn ekstra mange arbeidarar, og no sat dei med hundrevis av menneske dei ikkje hadde arbeid til. Ulstein måtte tilpasse seg ein normal situasjon, og verftet vart dimensjonert for å byggje tre standardskip i året. Den første nedskjeringa gjekk føre seg alt i 1999. Av ein arbeidsstokk på 937 måtte 250 seiast opp, og fram til 2003 auka talet på oppsagde til 287. I dei gode åra hadde mange arbeidarar komme både frå utlandet og frå ulike kantar av vårt eige land, og dette gjorde at dei tilreisande drog frivillig heim att. Behovet for å fjerne folk frå lokalmiljøet var lite, og reduksjonen gjekk betre enn ein kunne frykte. Men i 2003-2004 stod ei ny stor avskaling for tur. Ved utgangen av 2004 var arbeidsstokken redusert til 400. Dei fleste av dei som måtte gå i denne perioden, var frå Ulsteinvik og nabobygdene. Gunvor og Tore måtte seie opp vener og grannar og kjenningar. Dei gjekk i kompaniskap med fagforeiningane, og dei fekk gjennomslag for det synet dei hadde. I staden for å gå slavisk etter ansiennitetsprinsippet – med det resultat at ein kom til å sitje att med ein aldrande arbeidsstokk – ville dei verne om dei som hadde størst kompetanse, og dei ville sikre ei brei alderssamansetjing. Det gjekk, «men eg følte meg som ein fjellklatrar som aldri kom opp same kor eg streva,» seier Gunvor. Det fanst dagar då ho angra at ho takka ja til tilbodet frå faren. «Av omsyn til dei som kjem etter oss, er eg så ærleg at eg vedgår det,» seier ho. «Det blæs på toppane.»

Likevel greidde dei å snu motgang til medgang. Det skjedde ved at dei satsa på utanlandsk arbeidskraft og bygde skrog eller delar av skrog i lågkostland (Polen og Ukraina). Vidare sette dei innovasjon og nytenking i høgsetet. Og noko av det første dei gjorde etter at dei tok over, var å vedta at den ytre delen av dokka skulle utvidast, og at ein stor dokkhall (36 m x 226 m) skulle byggjast. Den 12. januar 2002 står som ein av dei store dagane i Ulstein-historia. Då vart dokkhallen opna med pomp og prakt, og det første skipet med Ulstein-design etter utskiljinga frå Vickers Ulstein Marine Systems vart døypt – med Marit som gudmor.

Ulsmo, med blikket vendt mot nye himmelretningar

Tiåret 1999 – 2008

I og med at Ingerid i 1999 vart tilsett som administrerande direktør i Ulsmo, var det klart at det 14 år gamle selskapet tilhøyrande familien til Idar skulle gå over i ein ny og meir aktiv fase. Ulsmo skulle bli morselskapet, det selskapet som sat med styringa over alle dotterselskapa i konsernet. Ved at Idar sikra seg aksjemajoritet då skipsbyggingsdivisjonen vart kjøpt tilbake, kom Ulsmo og Ulsmo Invest til å eige 56,3 prosent av det nye Ulstein og dei selskapa som etter kvart kom til. Med eit felles namn vart desse aktivitetane kalla Maritim verksemd. I tillegg til dette skulle Ulsmo stå for utviklinga av nye satsingsområde – på land. Sjølv om Idar i alle år hadde hevda at dei skulle halde seg i det maritime miljøet, var utsiktene no så usikre at han fann det tryggast også å rette blikket mot land.

Alt i siste halvdel av 1999 vart strategien til Ulsmo utvikla, og det vart bestemt å satse på fire forretningsområde: maritim verksemd, finans/forvaltning, eigedom og investeringar i unoterte selskap.

Nemnast bør det også at Ulsmo i 2014 oppretta eit familiekontor for å ta hand om interessene til aksjonærane, skape samhald og ikkje minst førebu kommande generasjonar på eigarrolla. (Meir om dette i sluttkapitlet.)

Finans/forvaltning

I første omgang vart dette satsingsområdet sett vekk til tre ulike forvaltarar som fekk ulike mandat, og 170 millionar kroner vart sette av til føremålet. Målet var å oppnå høgre avkastning enn vanleg bankrente. I 2001 bestemte Ulsmo seg for å byggje opp si eiga forvaltning gjennom Ulsmo Finans, og Thore Teige vart sett til å utvikle forretningsfilosofien og strategien og å leie forretningsområdet. Dei første par åra var aktiviteten retta mot den skandinaviske aksjemarknaden, medan to av dei eksterne forvaltarane inntil vidare forvalta den globale porteføljen. Men frå 2003 har Ulsmo Finans hatt hand om all finansaktivitet, og det har sidan aldri vore aktuelt med ny ekstern forvaltning. Ulsmo ser fordelane av å vere nær sitt eige forvaltningsmiljø, vere trygg på sine val og ha sin eigen marknadskompetanse. ”Det er godt å ha begge hendene på rattet, og i ettertid ser vi at vi har satsa rett,” seier Ingerid.

Investering i unoterte selskap

Investeringar i unoterte selskap var frå starten todelte: eigne direkte investeringar og andelar i fond. Seinsommaren 1999 utvikla Ulsmo sin eigen strategi for investeringar i unoterte selskap, og det vart gjort investeringar i ulike bransjar. Seinare vart slike investertingar meir og meir retta mot bioteknologi og havbruk, og dei kom til å bli omtala som Strategiske Investeringar. Erfaringane har vore blanda. Somme investeringar har gått tapt, andre har gjeve solide avkastningar. Investeringa i Ørstagruppen, no Saferoad, har vore den mest verdifulle.

Ut frå dei erfaringane som er gjorde, blir ikkje slike investeringar lenger gjennomførde utan at Ulsmo har majoritet.

Eigedom

Satsinga på eigedomsmarknaden begynte i det små, med bygging av eit terrassehus i Ulsteinvik. Det neste var å reise det første kjøpesenteret i Ulsteinvik, Blåhuset. Initiativet kom frå Vestre Sunnmøre Samvirkelag, og Ulsmo takka ja til førespurnaden. Bygningen skulle liggje i sentrum av Ulsteinvik og innehalde både kjøpesenter og kontorlokale. Blåhuset vart reist i 2001, og mot slutten av året vart forretningsdelen opna, medan kontoravdelingane vart tekne i bruk året etter.

Midt i byggjeperioden vart Ulsmo Eiendom AS stifta, eit selskap som Ulsmo eig fullt og heilt, og som skal ta hand om alle eigedomsinteressene til Ulsmo. Då kontorlokala i Blåhuset stod ferdige, var Ulsmo blant dei som flytte inn med heile sin stab. Etter at Ulsteinvik i 2004 fekk eit nytt og endå større kjøpesenter, Amfi Ulsteinvik, sette leigetakarane i Blåhuset fram krav om at senteret deira måtte utvidast. Ulsmo tok også denne utfordringa, og i 2008 var ei omfattande utviding av Blåhuset ferdig.

Med åra har aktiviteten til Ulsmo Eiendom berre auka, og han har vore retta mot både bustadkompleks og forretningsbygningar, i Ulsteinvik så vel som i Ålesund. (Meir om det seinare.)

Maritim aktivitet

Den maritime aktiviteten ligg også innunder Ulsmo, og etter kvart er han utvida frå å gjelde skipsbygging til også å omfatte shipping og sal av design og skipsløysingar.

Det var i hovudsak eit skipsbyggjeri familien til Idar sat att med etter dei dramatiske dagane våren 1999. Men det ville ikkje seie det same som at det berre var tradisjonell skipsbygging Ulstein skulle satse på innan den maritime verksemda. Å byggje opp ein stor utstyrsproduksjon, slik dei ein gong hadde gjort, slo leiarteamet likevel ifrå seg. I staden ville dei hente inn utstyr frå dei mange leverandørane som høyrde til den maritime klyngja på Nordvestlandet. Dermed kunne dei i tillegg til å byggje båtar tilby reiarane ein komplett utstyrspakke, samstundes med at reiarane kunne få betre høve til å velje dei løysingane dei sjølve ønskte. Dette heldt Idar for å vere ein av dei viktigaste faktorane til den suksessen han hadde opplevd, og Gunvor og Tore ser også på valfridommen til reiarane som ein av dei store konkurransefordelane Ulstein framleis har.

Men Gunvor og Tore tenkte også i nye banar. Om det prismessig var vanskeleg å konkurrere med verft frå lågkostlanda, hadde dei også ein konkurransefordel. Norske verft og utstyrsprodusentar byggjer nokre av dei mest avanserte skip som finst i verda. Teknologisk står norsk skipsindustri i aller fremste rekkje. Dermed kunne kompetanse bli ei ettertrakta salsvare. Rett nok måtte Ulstein vente i fem år med å selje skipsdesign, men ventetida vart brukt til å drive forsking, auke kunnskapen og kompetansen og å utvikle nye og betre produkt. Tore og Gunvor tenkte nytt også ved å invitere designerar frå andre industrigreiner enn skipsbygging til å vere med å diskutere nye løysingar med Ulsteins eigne designerar. Innovasjon, nytenking, er det som må til for at ein skal kunne komme vidare.

Dei maritime aktivitetane, som i juni 2009 fekk samlenamnet Ulstein Group, vart delte inn i fleire selskap. Utanom skipsbyggingsavdelinga vart det bygd opp ei designavdeling, Ulstein Design & Solutions, som ved sida av å utvikle produkt sel og marknadsfører skipsdesign og utstyrspakkar, særleg for offshoreflåten. Eit anna selskap, Ulstein Power & Control, satsar på elektronikk og høgteknologi ved å lage ulike instrument for brua, ved å tilby styrings- og overvakingssystem, eller kraftpakkar og kommunikasjonssystem. Det fjerde selskapet som ligg under Ulstein Group, skil seg frå dei andre ved at det ikkje er snakk om produksjon, verken av skip eller utstyr. Ulstein Shipping, som vart oppretta i 2000, er eit reiarlag, men det skil seg også frå reiarlag flest. Det finansierer bygginga, og det eig båtane, men det overlèt drifta til andre, og målet er dessutan å selje båtane når

tidspunktet er det rette og prisen er akseptabel. Under Ulstein Shipping er det skipa eit nytt reiarlag, Blue Ship Invest (BSI), der Ulstein sjølv eig båtane fullt ut. Namnet inneber at alle fartya har den same blåfargen, og dei er også bygde etter same design, PX121. Fram til 2015 har Ulstein selt 30 eksemplar av denne designen. Dessutan har Ulstein gjennom BSI så langt bygd 10 slike båtar ved eige verft, og hittil er åtte av desse selde vidare til Nordic American Offshore Limited (NAO).

Forsmaken på shipping hadde Idar fått gjennom tidlegare samarbeid med både Farstad Shipping og Solstad Shipping. Saman med Johannes Solstad oppretta han m.a. reiarlaget Solida (Solstad + Idar = Solida), der Ulstein delfinansierte nokre av båtane verftet bygde for Solstad. (Sjå avsnittet ”Nye samarbeidsformer med to reiarlag”.) I 2006 selde Ulstein Shipping dei siste eigardelane sine i skip som tilhøyrde Solida, og med det tok denne uvanlege samarbeidsforma slutt. Frå no vart all reiarverksemd Ulstein involverte seg i, lagd innunder Ulstein Shipping / BSI.

Ulsmo Invest blir avvikla

2002

Ulsmo Invest vart skipa i 1998, og tanken bak var at selskapet skulle tene som eit pensjonsfond for aksjonærane. Men berre fire år seinare vart Ulsmo Invest avvikla, og Ulsmo kjøpte eigardelane til selskapet, deriblant investeringane i Ulstein, i reiarlaget Solstad, i Kredittbanken og i Ulstein Hotell. Bakgrunnen for det som skjedde, var at eigarane ønskte å samle alle eigardelane sine i Ulsmo.

X-Bow – ein ny og revolusjonerande design blir lansert

2005

Det gjeld å tenkje nytt, det har vore eit omkvede i Ulstein heilt sidan Idar tok fatt på arbeidsdagen sin. I 2005 vart ein av dei mange nyskapingane lansert, og kanskje blir han den som får mest å seie gjennom dei snart hundre åra Ulstein har eksistert. Nyskapinga har fått namnet X-Bow og er ei ny baugform som er utvikla av Ulstein-designeren Øyvind Gjerde Kamsvåg. Kanskje var han inspirert av naturen, den nye baugen minner i det minste om hovudet på ein kval. Baugen skrånar motsett veg av den tradisjonelle forma, slik at skipet er lenger nede ved vasslina enn høgre oppe. Ved det blir oppdrifta større, og det fører til at skipet blir liggjande rolegare i sjøen. Det gjer arbeidet om bord enklare. I tillegg møter båten mindre motstand, noko som reduserer energibruken. For designen vann Ulstein Design den prestisjetunge prisen Årets Ingeniørbragd 2005, ein pris Teknisk Vekeblad står bak.

X-Bow har vekt oppsikt. Mange reagerer på den uvanlege skrogforma, men for reiarane er gevinstane som båten gjev, viktigare. Frå det første X-Bow-skipet vart sjøsett i 2006, er ei rad båtar med denne forma blitt bygde, nokre ved Ulstein, men langt fleire rundt om i verda. Ved utgangen av 2007 hadde Ulstein Design selt 46 design, og halvparten av desse hadde X-Bow-form. Same året vart Ulstein Design kåra til Årets Gasellebedrift. Det er avisa Dagens Næringsliv som står bak prisen, og for å kunne bli tildelt denne prisen må fleire vilkår vere oppfylte: I løpet av dei siste fire åra må bedrifta minst ha dobla omsetninga, i tillegg må omsetninga ha auka kvart år, og driftsresultatet må ha vore positivt.

Vidare vekst og utvikling

2008-2015

I grove trekk har Ulsmo halde fast ved den strategien og dei forretningsområda som vart meisla ut i 1999, og på dei fleste felt har det også i dei siste åra vore vekst og utvikling.

Ulsmo Eiendom satsar på forretningsbygningar og bustadbygging

Etter utvidinga av Blåhuset i Ulsteinvik retta Ulsmo Eiendom auga mot forretningsbygningar i Ålesunds-regionen. I 2008 kjøpte Ulsmo Eiendom to større forretningsbygningar av Mostein Gruppen og seks industri-, lager- og forretningsbygningar av Hanken Eiendom. Alle bygningane høyrde heime i Ålesunds-området. I løpet av eitt år auka Ulsmo talet på leigetakarar i forretningsbygningar frå 30 til 75, medan forretningsarealet vart nesten tripla, frå 14000 til 40000 kvadratmeter. Oppkjøpa kravde investeringar på nærare 300 millionar kroner.

I tillegg har Ulsmo Eiendom satsa på bustadmarknaden. Det begynte med at selskapet i 2006 kjøpte ei større tomt på Volsdalsberga i Ålesund. Bustadkomplekset femnde om 74 husvære. Finanskrisa som sette inn medan blokkene var under bygging, gjorde at salet gjekk tregt, men våren 2011, eitt år etter at utbygginga var avslutta, var alle husværa selde. I 2012 starta Ulsmo Eiendom bustadbygging på Reiten i Ulsteinvik. Året etter stod 44 husvære ferdig, og i god tid før dei var klare for innflytting, var alle selde. Vidare har selskapet kjøpt eit tomteområde på Blindheim i Ålesund, som skal gje plass til 33 husvære. Det største bustadprosjektet Ulsmo Eiendom så langt har planar om å gjennomføre, er utbygging av ei anna tomt på Volsdalsberga. Komplekset inneheld rundt 150 husvære, femner om seks bustadbygningar, m.a. ei høgblokk på 14 etasjar, og vil koste rundt ein halv milliard kroner. For å kunne starte bygginga vil det vere nødvendig å endre reguleringsplanen. Midtsommars 2015 var saka oppe i Ålesund bystyre, men fleirtalet gjekk inn for å utsetje behandlinga til ein områdeplan er ferdig utarbeidd og vedteken. Dette vil utsetje gjennomføringa av prosjektet med minst eit halvt år. Dermed er det uvisst kva tiddette storprosjektet eventuelt kan bli gjennomført.

Uavhengig av utfallet er Ulsmo i ferd med å bli eit vesentleg selskap på eigedomsmarknaden på Sunnmøre.

Ulsmo Finans når i 2013 ein brutto forvaltningskapital på 500 millionar kroner

Sidan Ulsmo Finans i 2001 vart etablert og 70 millionar kroner vart sette av til forvaltningskapital, har finansporteføljen gjeve jamn og god avkastning – betre enn det målet som vart sett – 3 prosent over samanliknbar indeks. I 2013 hadde brutto forvaltningskapital vakse til 500 millionar kroner, og mindre enn to år seinare, våren 2015, hadde han auka til 630 millionar kroner.

Maritim verksemd – frå X-Bow til X-Stern og skip nummer 100

Dei fleste skipa Ulstein designar, blir bygde ved utanlandske verft. Ved inngangen til 2015 var mellom 35 og 40 skip med Ulstein-design under bygging verda over. I tillegg sel Ulstein ulike utstyrsprodukt rundt om på kloden. For tida har konsernet leveransar til verft i Sør-Korea, Kina, Singapore, Midt-Austen, Brasil, Polen, Kroatia og Nederland, og den internasjonale marknaden blir stadig større. I fleire land har Ulstein Group etablert sals- og servicekontor, og heile det internasjonale salsapparatet er samla i endå eit selskap, Ulstein International.

Den positive utviklinga for X-Bow held fram. Like over nyttår i 2015 skreiv Ulstein Group kontrakt på bygging av X-Bow-farty nummer 100. Det skipet representerer ein milepåle på meir enn ein måte. Akterenden har fått ei utforming som svarar til baugen. Den nye designen har fått namnet X-Stern. Forsøk tyder på at dei positive effektane X-Bow har, blir vidareførte med X-Stern-forma. Stampinga blir redusert, slaga blir eliminerte, energibruken blir mindre og komforten betre og tryggleiken større, slår designerane på Ulstein fast.

Ny er også den oppgåva X-Bow nr. 100 skal ha. Saman med X-Bow nr. 99 skal fartyet ut for å assistere – ikkje oljeplattformer – men vindkraftverk til havs. Skipet som sjølv er energivennleg, skal forsyne eit kraftverk som produserer fornybar energi. Også no er det snakk om Nordsjøen, men denne gongen ligg området utanfor Nederland.

Truleg peikar X-Bow nr. 100 framover mot ei ny tid. Oljealderen er kanskje på hell, i alle fall er det lite sannsynleg at Ulstein får byggje båtar for oljeplattformene i same omfang som før. Men

verda treng energi for å vekse. Det er nok å peike på land som Kina og India for å skjøne det. Samstundes representerer atomkraftverka fare for ulukker, og kol og til dels olje er lite miljøvennlege. Vindkraftverk til havs kan derimot produsere rein og fornybar energi, og i så måte representerer dei framtida. Skal det byggjast slike kraftverk, vil det bli behov for nytt produksjonsutstyr, nye teknikkar, nye båtar. Her kan det liggje ein framtidig marknad for bedrifter som Ulstein.

Og kven veit, kanskje kan havdjupnene også innehalde ressursar som vi i dag veit lite om, men som ein gong vil bli utnytta. Nesten tre firedelar av overflata på jordkloden er hav, og 80 prosent av havdjupet er enno ikkje utforska. Her kan det liggje ressursar som ventar på den som har evna til å tenkje nytt og tenkje stort, og som vågar å gripe sjansane som byd seg.

Dei som leier Ulstein-konsernet, er vande med å ta utfordringane, med å tenkje nytt og omstille seg. Det er ein del av foreldrearven, og dei vil ta godt vare på han. Ulstein skal nok byggje båtar og levere skipsutstyr også i mange år etter at konsernet har fylt 100. Men ei ny tid har kravd at dei også har vendt blikket mot nye retningar. Tredje generasjon etter Idar vil få ein arv det gjeld å føre vidare.