1960-åra

Idar begynner på UMV, og med han tek ei ny tid til

1962

Kolbein, den mellomste broren i søskenflokken, hadde starta på golvet på verkstaden og arbeidd seg oppover. Han vart til slutt personalsjef. Medan han enno var ung, arbeidde han med draumen om å byggje ein patentslipp. Den ville gjere slippsettinga langt enklare, og dessutan kunne ein ta på seg mykje større oppdrag enn det ein ville vere i stand til med dei gamle såpeslippane. Fleire andre verft hadde skaffa seg patentslippar, og skulle ein hevde seg i konkurransen, måtte ein gå til ei slik investering, meinte Kolbein. Han fekk det som han ville, og i 1961 vart patentslippen bygd. Men han var eit stort økonomisk løft, og han var nær ved å ta knekken på verftet.

Slik var situasjonen då yngstesonen, Idar, tok til på UMV, 27 år gammal. Han hadde gått skipsbyggjarlina ved NTH og var ferdig utdanna sivilingeniør då han starta på familieverftet som teiknesjef. Fort viste han leiareigenskapar, og då Magnulf sleit med dårleg helse, kom Idar nokså raskt til å ta føringa. Han vart først teknisk sjef og produksjonssjef, men tok på seg stadig fleire roller og fungerte nokså raskt også som salssjef og marknadssjef, og alt i 1963 vart han tilsett som administrerande direktør.

Fram til Idar tok til, hadde leiinga gjort lite for å skaffe seg oppdrag. All merksemd var retta mot produksjonen, i tru på at kundane ville komme til dei. Slik var det også ved dei andre verfta. Studia hadde lært Idar at ein måtte gå meir offensivt til verks. Skulle ein utvikle seg, måtte bedrifta byggjast opp etter ein organisasjonsplan, og ein måtte føre ein aktiv sals- og marknadsføringsstrategi. Dessutan måtte produksjonen gjerast meir rasjonell, slik at konkurranseevna vart betra.

Det som berga økonomien til verftet, var at det i 1963 sikra seg eit omfattande arbeid ved å byggje om «sjøbussen» M/S «Romsdal» til eit hotellskip som skulle gå på Bahamas. Eit så stort arbeid ville ha vore umogleg utan patentslippen.

Første oppkjøp: Haagens Skipsverft, Molde

1964

Idar la strategiar for korleis UMV skulle vekse og bli sterkare. Ein av dei gjekk ut på å kjøpe andre verft. Slik skulle kapasiteten aukast, og slik kunne Ulstein ta på seg stadig fleire oppdrag. Etter oppkjøpet av det konkursråka båtbyggjeriet Hagens Skipsverft i Molde kom Ulstein i løpet av dei neste 25 åra til å sikre seg 5 – 6 andre verft, dei fleste på Sunnmøre. Idar fekk ord på seg for å vere ein båtbyggjar som kynisk kjøpte opp brysame konkurrentar, men han forsvara seg med at det var verkstader som var i eit økonomisk uføre, han sikra seg. Oppkjøpa førte til at kapasiteten vart mangedobla.

Ulstein Propeller blir etablert

1965

Fort fann Idar ut at Ulstein ikkje skulle nøye seg med å byggje båtar. Dei skulle også produsere skipsutstyr og med tida levere fiks ferdig utrusta skip. For å bli ein komplett utstyrsprodusent gjekk Idar fram på to måtar – anten kjøpte han tilgjengelege bedrifter som produserte skipsutstyr, eller han etablerte eigne utstyrsavdelingar. Ulstein Propeller var den produksjonsavdelinga av skipsutstyr han sjølv etablerte, og jamvel om namnet tilsa at dette var ein propellprodusent, vart også anna skipsutstyr Ulstein laga, samla i denne bedrifta. UMV hadde laga vridbare propellar heilt sidan slutten av 40-talet, men no vart det bygd ein verkstad under eige tak og satsa i stor målestokk. Og utstyret skulle ikkje berre brukast til å utruste sjølvbygde båtar, men også seljast til andre skipsbyggjeri.

I tillegg bygde Idar opp nokre andre utstyrsavdelingar rundt om på Sunnmøre, og han kjøpte rundt 15 bedrifter som hadde spesialisert seg på ulike typar skipsutstyr. Det gjaldt t.d. produsentar av styremekanismar (Peilo Teknikk A/S, 1983), motorar (Hjelset Motorfabrikk, 1984), propellar (A. M. Liaaen, 1989), styremaskinar (Tenfjord A/S, 1991) og hydrauliske vinsjar (Hydraulik Brattvaag A/S, 1992). I den mest ekspansive perioden kjøpte Ulstein 11 bedrifter / konsern på like mange år (1981-1992).

Tanken bak var at bedrifta med tida skulle kunne levere ferdig utrusta båtar, bygde slik reiarane ønskte det, der Ulstein hadde kontroll på heile den maritime verdikjeda. Idar heldt dette for å vere ein nøkkel til den suksessen han opplevde.

Etablering av Ulstein Trading

1967

Ulstein Trading vart oppretta for å ta seg av to oppgåver som Idar prioriterte: sal og marknadsføring på den eine sida og design og prosjektering på den andre. Idar var tidleg oppteken av at verftet skulle byggje båtane mest mogleg slik reiarane ønskte dei skulle vere (skreddarsaumprinsippet). Dessutan var han medviten om at designavdelinga ikkje berre måtte konstruere båtar verftet sjølv skulle byggje. Like gjerne måtte dei prosjektere skip som skulle byggjast ved andre verft. Det ville både auke inntekta og heve kompetansen til designerane. Heile tida måtte dei prøve å utvikle nye og betre løysingar, det som i dag blir kalla innovasjon.

Så lenge båtane vart bygde for norske og nordiske reiarar, vart salet administrert frå kontoret i Ulsteinvik, men etter kvart som verftet vende seg mot den internasjonale marknaden, vart det oppretta sals- og servicekontor rundt om i verda, og vel 20 år etter at Ulstein Trading vart grunnlagd, vart namnet endra til Ulstein International. Ulstein Trading (UT) vart like fullt kjennemerket på dei skipa Ulstein designa – og er det framleis i dag, sjølv om Rolls Royce no står som eigar.