1950-åra

UMV blir aksjeselskap, Magnulf tek over leiinga, og Inga Ulstein blir styreformann

1950

Ved årsskiftet 1949/50 tok Magnulf over som ny sjef på UMV, 25 år gammal. Han var då ferdig utdanna ingeniør ved ein teknisk skule i Göteborg. Samstundes vart bedrifta gjort om til aksjeselskap, ved at Inga delte ut like mange aksjar til kvar av dei seks borna. Men ho sat sjølv som hovudaksjonær, og ho tok sjølv rolla som styreformann. Kven som avgjorde korleis det nye eigarforholdet skulle vere, er noko uvisst, ettersom papira frå den gongen er borte, men det er grunn til å tru at Inga var den som avgjorde at borna skulle eige like mykje.

Tilgangen på arbeid var rimeleg god, arbeidsstokken heldt fram med å vekse, og eit par år etter at Magnulf tok over, vart det tilsett fleire arbeidsformenn. På same tid vart det opparbeidd ei 27 meter lang steinkai nedanfor verkstaden, og like etter midten av 1950-talet vart kaia forlengd til 47 meter.

Første stålbåt, B/F «Torulf», blir bygd, og samarbeid med Volvo Penta startar

1957

40 år etter at UMV vart oppretta, bygde verftet ei bilferje som skulle gå mellom Torvik og Ulsteinvik, og ho fekk derfor namnet «Torulf». Ferja var bygg nr. 11, og på fleire måtar innleidde ho ei ny tid i Ulstein-historia. Ikkje berre var ferja den første båten som vart bygd i stål, men ho fekk sett inn ein Volvo Penta-motor. Under bygginga av «Torulf» var rundt 50 arbeidarar i sving på verftet.

Heilt sidan slutten av 1940-talet hadde UMV produsert vridbare propellar og hydrauliske reverseringsanlegg, som var utvikla av ein av arbeidarane, Otto Ulfstein. Utstyret var så godt at då salsmannen og ålesundaren Johan Weiberg Gulliksen tok det med til Penta-fabrikken, vekte det interesse. Weiberg Gulliksen selde Volvo Penta-motorar, og med han som mellommann oppstod det eit samarbeid mellom dei to bedriftene. Slik vart B/F «Torulf» den første av ei rekkje Ulstein-bygde båtar som gjekk med Volvo Penta-motor. Samstundes oppstod det eit nært og langvarig samarbeid mellom UMV og Weiberg Gulliksen, og i ei årrekkje var han styreformann for bedrifta. Han vart dessutan svoger av Idar Ulstein, den neste sjefen på verftet, ved at dei gifte seg med kvar si søster.