1940-åra

Krig, men verkstaden heldt hjula i gang

1940 – 1945

UMV var ei for lita bedrift til at okkupasjonsmakta brydde seg med å leggje hindringar i vegen for arbeidet. Utfordringa var å få tak i dei råvarene dei trong, som stål og jern. Dessutan var det innført ein del restriksjonar som kunne valde vanskar. Til dømes var det mange reiarar som ville byggje nye båtar, men som ikkje fekk lov. Dette kunne gje spesielle utslag. Hausten 1944 fekk ein reiar bygd om ei jakt ved å rive så godt som heile båten og byggje ein ny. Men fordi det var att nokre spantkrokar av det gamle fartyet, kunne arbeidet formelt kallast ombygging. I realiteten burde båten M/B «Elna», vore rekna som nybygg nr. 1 frå UMV.

Det meste av arbeidet som vart utført under krigen, var reint vedlikehald.

Stor aktivitet med å fornye fiskeflåten

1945 – 1950

I løpet av krigen vart store delar av flåten nedsarva. Behovet for reparasjonar, vedlikehald og nybygg var stort. At etterkrigstida baud på mange eventyrlege sildeår, auka behovet for ei fornying og modernisering av fiskeflåten. I denne tida, som var prega av optimisme, reiste UMV ein ny, større murbygning i tre høgder, og som i tillegg til større produksjonslokale m.a. gav plass til kontor og husvære og hyblar til tilsette. Etter kvart som oppgåvene vart større og meir differensierte, arbeidsstokken auka og styresmaktene stilte krav til konstruksjonsteikningar, vart Per Andersen i 1946 tilsett som verksmeister.

Martin Ulstein døyr, 54 år gammal

1948

Sjølv om Martin hadde ein strevsam arbeidsdag på verkstaden, tok han på seg verv av fagleg karakter, og han engasjerte seg i lokalpolitikken. Han sat i fleire periodar i kommunestyret og formannskapet, under krigen og i dei første etterkrigsåra var han varaordførar, og i 1948 vart han jamvel ordførar i Ulstein. Med det fekk han også plass i fylkestinget i Møre og Romsdal. Men alle gjeremåla sleit på helsa, og særleg fekk han problem med hjartet. Under eit fylkestingsete i Molde sommaren 1948 kjende han seg uvel, og ein laurdag braut han opp for å reise heim. Under turen vart han verre, og på Sjøholt gjekk han av bussen og tok inn på hotellet i bygda. Der døydde han natta etter.

På verkstaden stod ingen klar til å ta over. Eldsteguten, Magnulf, var under utdanning i Sverige, og løysinga vart at verksmeisteren skulle stå for den daglege leiinga fram til Magnulf var ferdig med utdanninga, to år seinare. I tomrommet etter Martin fekk både bedrifta og Inga god støtte og hjelp av lærar, banksjef og god ven av Martin, Hans Dragsund. Ikkje minst var han rådgjevar i økonomiske spørsmål.