1920-åra

Martin blir eineeigar av verkstaden

Ca. 1921 – 22

Før Martin vende heim frå Ålesund, hadde han gift seg med 20 år gamle Inga Knivsflå frå Geiranger, og den første heimen deira var ei lita stove og eit uisolert vindfang i huset til svogeren og kompanjongen. Men nokså fort skulle Andreas Flø trekkje seg ut av samarbeidet. Ein eldre bror av Martin hadde teke over farsgarden, men i 1920 døydde han brått, og Flø og kona vart dei som førde garden vidare. Dermed trekte svogeren seg frå samarbeidet med Martin.

1920-talet var ei økonomisk krisetid, verda over. Bankane gjekk over ende, og Ulstein Sparebank, som Martin hadde lånt pengar i, var ein av dei som vart sett under administrasjon. Det gjorde at verkstadeigaren måtte betale tilbake store delar av lånet. Det greidde Martin ved å ta opp fleire private lån.

Dei økonomiske nedgangstidene gjorde at Martin fekk vanskar med å få betaling for det arbeidet han utførte. Han var inne på tanken å avvikle verkstaden og flytte frå bygda, men valde likevel å bli.

Martin får agentur på motorfabrikatet «Rapp»

1924

Når Martin gradvis kom seg ovanpå, var det ikkje minst fordi han fekk agenturet på «Rapp»-motoren, ein motortype som først og fremst vart produsert for fiskeflåten. Dei som først hadde skaffa seg motorar, hadde no behov for å installere nye, og dessutan var det fleire og fleire av dei som framleis brukte årar og segl, som kjøpte sin første motor. At Martin kunne selje motorar og verkstaden var i stand til ikkje berre å installere dei, men endå til byggje dei om, gjorde at Ulstein Mekaniske Verksted fekk ein konkurransefordel samanlikna med andre verkstader. Sjølv om arbeidet var sesongprega, ettersom båtane var inne til overhaling hovudsakleg i tida mellom fiskeria, heldt verkstaden hjula i gang med å produsere ulike reservedelar, som dei visste det ville bli behov for.

Ved 10-årsjubileet var 10 mann tilsette ved UMV

1927

Samstundes med at talet på tilsette vart større, vart produksjonen differensiert. Somme arbeidde på trevareavdelinga, andre på den mekaniske verkstaden, atter andre i smia. Og Martin vart meir og meir sysselsett med administrasjon og kontorarbeid.

I 1930 fekk verkstaden MRF på kundelista, og i første omgang gjekk arbeidet for reiarlaget ut på reparasjon og vedlikehald. I tida framunder jul, då fiskebåtane skulle klargjerast for storsildfisket og vintertorskefisket, var arbeidsmengda så stor at arbeidsdagen kunne strekkje seg frå kl. 7 om morgonen til 10 om kvelden.

Veksten heldt fram gjennom heile 30-talet, mellom anna som følgje av at verste finanskrisa var over. Dessutan begynte UMV i 1932 å produsere propell- og reverseringsanlegg, eit arbeid som berre motorfabrikkar elles utførde. Også slik fekk UMV ein vesentleg fordel samanlikna med andre verft.