1910-åra

Svograne Martin Ulstein og Andreas Flø kunngjer at dei har starta ei ny bedrift, Ulstein Mekaniske Verksted

09.08.1917

Tidleg på 1900-talet begynte mange fiskarar å setje inn motorar i båtane sine. Samstundes bygde nokre dekk i dei, og somme fekk også styrhus på plass. Den nye tida la grunnlaget for ei ny næring, den mekaniske industrien. Båtar skulle byggjast om, forlengjast og få installert motorar. Mellom sesongfiskeria trong båtane og motorane dessutan vedlikehald og reparasjon.

Ein ung fiskar frå Ulstein såg dei sjansane som den nye tida baud på. Vel 20 år gammal drog Martin Ulstein til Ålesund, fekk opplæring i ein mekanisk verkstad og kjøpte utstyr i ein annan. Pengane han trong, lånte han i banken, mot at faren garanterte for lånet ved å setje garden i pant. Martin kjøpte tomt på Naustneset i Ulsteinvik av morbror sin, og han fekk med seg svogeren, Andreas Flø, som medeigar. I løpet av sommaren 1917 vart ein liten verkstadbygning reist, og då Martin tok imot den første kunden, hadde han berre to mann attåt seg til å utføre arbeidet. Sjølv var han den einaste som hadde fått opplæring i faget. Det første arbeidet gjekk ut på å setje i stand ein motor, og reparasjonen kom på 17 kroner.

I løpet av dei to neste åra vart det bygd to slippar, slik at båtane kunne stå på land medan dei vart reparerte. Det tredje året vart det bygd smie, verkstaden vart utvida, så han fekk to fulle høgder, og litt etter litt vart fleire arbeidarar tilsette.